Dei unge føler seg gløymd under pandemien.Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB / NPK
Dei unge føler seg gløymd under pandemien.

Pandemi-undersøking: Dei unge sjølv ikkje vorte tekne med

Norske ungdommar meiner mykje kunne vore gjort betre under og etter koronanedstenginga i vår, ifølgje ein ny rapport frå Unicef Noreg.

Publisert Sist oppdatert
I undersøkinga som organisasjonen har gjennomført, svarer over seks av ti unge at dei er redde for å bli smitta, men heile fire av ti fortel at dei ikkje har hatt moglegheit til å snakke med helsesjukepleiar på skulen om viruset.

532 unge i alderen 13 til 19 år fekk sende inn meiningane sine om nedstenginga i samband med rapporten Uten filter: Hva mener ungdom om myndighetenes håndtering av koronaviruset og smitteverntiltakene.» Tysdag fekk statsminister Erna Solberg rapporten.

— Det er godt dokumentert at koronatiltaka til regjeringa har gripe sterkt inn i livet til barn og unge. Fagfolk har ropt varsku. Likevel har dei unge sjølv ikkje vorte tekne med inn i ekspertgrupper og avgjerdsforum. Det er urovekkjande, seier generalsekretær Camilla Viken i Unicef Noreg.

Forstår, men føler seg ikkje høyrt

— Dei unge har stor forståing for at smitteverntiltak er nødvendig, og mange roser tiltaka. Likevel fortel mange at tiltaka har ført til einsemd, redsel og isolasjon, skriv Unicef i pressemeldinga si.

53 prosent av dei unge meiner styresmaktene ikkje har teke omsyn til barn og unge når dei set i verk tiltak.

Ein skriv: Jeg forstår at myndighetene først og fremst tenker på Norge. Men jeg føler barn og unge har kommet veldig langt etter i prioriteringer de har hatt. Vi fikk ikke den oppfølginga vi skal ha på skolen osv. det var kjipt!»

Det er òg mange svar som indikerer at unge føler det er djupt urettferdig at styresmaktene har prioritert tiltak for vaksne, mellom dei opning av utestader og alkoholservering.

Mindre kontakt med venner

Mange av tiltakene har vært uklare og vanskelige å forstå. Noen av reglene har også hatt altfor stort fokus på smittevern, men har glemt bort den psykiske delen av det å være ung og gå på skole», skriv ein annan.

63 prosent svarer dei har hatt mindre kontakt med venner og 79 prosent fekk stengt ned fritidsaktivitetane sine.

Heimeskulen som alle elevar hadde i mars og april, og som har vore brukt i varierande grad sidan den gong, er òg kontroversiell blant dei unge som har svart.

Fleire skriv om at regjeringa burde vurdert andre alternativ enn å stengje skulane, som vart gjort 12. mars. Dei fleste svarer likevel at dei fekk hjelp med skulearbeidet, og hadde hjelpemidla dei trengde.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS