Ståle Lærdal blir verande i Biosirk Norge AS, men ikkje lenger på Oterberg.
FOTO: NILS TOKHEIM
Næringsliv
På lokale hender etter 60 år
I Sandeid har det sidan 1964 vore jobba på Oterberg med destruksjon av dyrekadaver. Det har gjennom åra vore fire eigarar, alle innan landbrukssamvirket. Men no er der endringar på gang.
Det har ikkje vore produksjon på anlegget sidan 2006, berre omlasting av innsamla dyr frå Boknafjorden i sør til Sognefjorden i nord. Denne omlastinga vil fortssetja som før, men då i regi av den nye eigaren av anlegget, på oppdrag frå seljar.
Det er Haugaland Containerservice AS som er ny eigar. Overdraginga gjeld frå 1. januar 2025. Lars Ole Gjerde frå Nedre Vats er leiar for verksemda som i 2023 omsette for rundt 25 millionar kroner, med eit årsresultat på 4,5 millionar kroner. Det er Ølen Betong Gruppen AS som eig Haugaland Containerservice AS hundre prosent, og verksemda har forretningsadresse i Ølensvåg. Seljar av anlegget i Sandeid, er Biosirk Norge AS på Ingeberg ved Hamar.
Sidan 1964