Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Styreleiar og eigar i Admmit AS, Rune Furseth. Foto: Anita Haugland
Styreleiar og eigar i Admmit AS, Rune Furseth.

På lista over landets viktigaste suksessbedrifter

Publisert Sist oppdatert

Det er det internasjonale Deloitte Technology som årleg lagar lista Fast 50, ei rangering av landets 50 raskast veksande teknologiselskap, basert på omsetningsvekst gjennom dei siste fire åra. I det ekslusive selskapet har Admmit AS, stifta og eigd av Rune Furseth, hamna på 34. plass.

Dette er det 18. året med denne kåringa i Noreg. På årets liste finn ein selskap på tvers av bransjar, alle med fellesnemnaren at dei bruker teknologi, enten eigenutvikla eller eksisterande på ein innovative måte, for å tilby løysningar til sine kundar.

— Det er også ei brei geografisk spreiing på selskapa, rett nok med ei overvekt av selskap som held til i Oslo og Viken fylke. Internasjonale investorar har også for alvor fått auga opp for norske teknologiselskap og me finn fleire eksempel på selskap som har henta kapital eller blitt kjøpt opp av internasjonale investorar blant årets Fast-50 selskap. Me gratulerer så mykje til alle selskapa på årets liste, det er imponerande å sjå den fantastiske veksten de klarer å levera, heiter det i rapporten frå Deloitte Technology.

Powered by Labrador CMS