Fjellreven er framleis ein sterkt trua art i Noreg, og sjukdom kan raskt føre til store reduksjonar i bestandane.
Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK
Over tretti sjukdomar kan skade fjellrevbestanden
Dette inkluderer virus, bakteriar og parasittar som kan påverke både den ville bestanden og dei fjellrevane som blir haldne i fangenskap på avlsstasjonar, skriv Norsk institutt for naturforsking
– NINA.
Sjukdommane som utgjer størst trussel, er mellom anna smittsam leverbetennelse, kvalpesjuke, rabies, parvovirus og skabb.
Rapporten om helsetruslane vart laga av NINA og Universitetet i Innlandet, og peikar på nødvendige tiltak for å verne arten.