Fatland-gruppa utvida og moderniserte anlegget i Ølen i 2016, og no vurderer konsernet nye fabrikkar både på Otta og i Sandfjord. Men det er ikkje tatt beslutningar enno. Foto: Jon EdvardsenSmitten er på retur ved Fatland slakteri i Ølen.
Fatland slakteri i Ølen.

Over den verste kneiken

Etter nokre intense dagar med sterk smitte av covid-19 ved Fatland slakteri i Ølen kan dagleg leiar Svein Fatland endeleg senka skuldrene.

Publisert Sist oppdatert

Til saman 121 av rundt 400 tilsette ved Fatland Ølen AS har fått påvist covid-19 etter utbrotet starta for halvanna veke sidan. Både vaksinerte og uvaksinerte er råka i like stor grad, og sjølv om dei fleste har hatt ei mild sjukdomsutvikling, har éin av dei smitta har vore innom sjukehuset. Nå ser situasjonen ut til å ha betra seg og arbeidarane er i ferd med å koma tilbake på jobb.

— Sist veke var kritisk. Fleire og fleire kjem på jobb kvar dag. Det er betre mannskap nå og eg trur me har nådd toppen, seier Svein Fatland og ser litt lysare på smittesituasjonen.

Då utbrotet stod på som verst måtte slakteriet stoppa enkelte linjer, men leveransane gjekk som normalt takka vera eit godt lager.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS