Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB
Over 40 millionar kroner til betre fiskerikontroll
NPK: Ei ny avgift skal finansiere 42 millionar kroner meir til strengare fiskerikontroll neste år.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) seier i ei pressemelding at sjømatnæringa skaper viktige arbeidsplassar og er viktig for vekst i den blå økonomien, men at ulovleg handel med fisk truar denne framtida.
— Ulovleg fiske og omsetning undergrev berekrafta i fiskeriforvaltninga og skader konkurransevilkåra for dei seriøse sjømatbedriftene, seier Ingebrigtsen.
Fiskerikontrollutvalet har fastslått at det ikkje er god nok kontroll med uttaket av fiskeressursane, noko som gir rom for ulovleg vinning. Regjeringa vil derfor styrkje kontrollen i tråd med rådet frå utvalet.
Auken på 42 millionar kroner blir foreslått å finansierast med ei ny kontrollavgift for fiskeflåten på 0,22 prosent av verdien av omsetninga i første omgang. I forslaget heiter det at fartøy under 15 meter ikkje betaler avgift det første året.