Det kom som lyn frå klar himmel då det plutseleg vart snakk om nedlegging av Etne vgs tidlegare i år, men søkjartala har ikkje lidd under det, kan rektor Marion Kallevik fortelje nå når det nærmar skulestart.FOTO: ØYSTEIN BIRKENES
Det kom som lyn frå klar himmel då det plutseleg vart snakk om nedlegging av Etne vgs tidlegare i år, men søkjartala har ikkje lidd under det, kan rektor Marion Kallevik fortelje nå når det nærmar skulestart.

Opptur for trua skule

Trass ei usikker framtid kan Etne vgs skilte med gode søkjartal, også nå når det begynner å bli klarheit i det reelle talet på elevar til hausten. I Ølen melder dei om stabile tal, og ekstra stor pågang på helsefag.

Publisert Sist oppdatert

På grunn av ordninga med fritt skuleval på tvers av fylkesgrensene, er det nå som tidlegare først i slutten av juli at ein veit kor mange som faktisk ønskjer seg til utdanninga dei har søkt i Hordaland framfor Rogaland, og omvendt.

— Dei reelle tala som nå kjem inn, ser veldig bra ut, kan rektor Marion Kallevik ved Etne vgs fortelje. Det vil vere små justeringar i samband med tredjeinntaket, men me har eit godt inntrykk av korleis det blir nå. Søknaden til Etne vgs har faktisk aldri vore betre. Me var spente på om utviklingane i lys av rullering av Skulebruksplanen i Hordaland ville gi ein negativ effekt, men det viser seg altså at dette ikkje har skjedd.

Tesdal i skotet

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS