Opna showet for fullt hus
17 born og tre vaksne skodespelarar stod klar på scena på samfunnshuset i Sandeid då teppet gjekk opp, og det var klart for Kardemommeby. Dette er første gong Sandeid barne- og ungdomsteater set opp dette stykket.
– Det er mykje som skal klaffa fram mot premiera med lyd og lys, både framme på scena og bak. Men vi er kjempenøgde, fortel regissør Jostein Apeland etter premiera.
Det var nesten ingen ledige seter i salen, og ein kunne til ei kvar tid høyre både latterkrampar og storstilt applaus.