Solgunn Liestøl er leiar i styringsgruppa som skal forska på dialektar på Haugalandet.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Ønskjer dialekt-database
Vikedalsbu og leiar i Karmsund mållag, Solgunn Liestøl, er ein av fleire som er godt i gang med eit prosjekt som skal kartleggja dialektane på Haugalandet. No jaktar dei på folk som vil la seg intervjua.
Dialektane er i stadig endring og dei fleste som er oppvaksne i same bygd som til dømes sine eigne besteforeldre, opplever at det er forskjell på dialektane til dei ulike generasjonane. Går ein nokre tiår tilbake i tid, var dialektane meir ulike mellom bygdene enn dei er i dag. Til og med mellom krinsane i same bygd, kunne ein høyra forskjell.
Å forska på dialektar på Haugalandet er det få som har gjort. Ifølgje universitetet i Stavanger er det berre dialektane i Odda og Sauda som ein kan dokumentera forsking på. Dette ville Karmsund mållag gjera noko med, og saman med Rogaland Historielag starta dei Facebook-gruppa Ord og uttrykk frå Haugalandet og der omkring». Målet er å kartleggja dialektane i Haugesund, Tysvær, Bokn, Sveio, Karmøy, Vindafjord og Etne.
— I denne gruppa er det så langt blitt 1.700 medlemmer, og me ønskjer å skapa litt blest om dialektar. Med oss på laget har me også leiar av Rogaland Historielag, Birger Lindanger, og professor Jan Kristian Hognestad frå Universitetet i Stavanger, opplyser leiar i Karmsund mållag, Solgunn Liestøl.