Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

John Martin Skaar Fitzsimonds har starta produksjson av betongfigurar.

Nye selskap, fusjonar og slettingar

Publisert Sist oppdatert

På Bjoa er K Knutsen Maskin etablert. Kristoffer Knutsen står bak det nye enkeltpersonføretaket, som skal jobba med grunnarbeid innan graving, drenering, sprenging og planering. Registreringa er gjort 20. november.

Også innan hagetenester skjer det ting. Birkeland – Din grøne hjelpar er eit nytt føretak i Ølen som skal tilby gravstell og vedlikehald av hage. Innehavar er Silje Birkeland. Registrert 27. november.

Vidare har Fitzy’s Hagedekor AS sett dagens lys på Bjoa. Selskapet vil produsera og selja hagefigurar, leiga ut arbeidskraft og tilby catering. John Martin Skaar Fitzsimonds er dagleg leiar og styreleiar. Startkapitalen er 30.000 kroner, og selskapet blei registrert 1. desember.

Powered by Labrador CMS