Utanriksdepartementet stadfestar at nordmenn er skadde i Gaza.
Til NRK vil dei ikkje seie noko om kor mange nordmenn som er skadde, eller kor hardt skadd dei er.
– Utanriksdepartementet er veldig bekymra for norske borgarar i området, seier kriseleiar Guro Markussen Løvaas i UD til kanalen.
Pressetalsperson Ragnhild H. Simenstad seier til NTB at dei har fått melding om at enkelte norske borgarar skal vere skadd i Gaza.
– Ingen stader i Gaza er trygge. Vi er svært bekymra for både norske borgarar og alle dei andre som no er i dette vesle området. Vi har stor forståing for at dette er ein vanskeleg situasjon. Mange er redde, seier Simenstad.