Liturgien som vert brukt ved gravferder i dag er frå 2002.
Foto: Kari Hamre / NPK
No skal gravferdsliturgien reviderast
– Me set i gang arbeidet med å revidera gravferdsliturgien med bakgrunn i fersk forsking, spørjeundersøkingar og tilbakemeldingar frå tilsette, deltakarar og andre aktørar. Både samfunnet og Kyrkja har endra seg dei siste 20 åra, og no er det på tide å vurdera endringar i gravferdsliturgien, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum i ei
pressemelding.
Det blir ein grundig prosess og fagmiljø, biskopar, kyrkjemusikarar, folkevalde og dei som måtte ønska kan delta.
Liturgien som er i bruk i dag er frå 2002.
– Ein gravferdsseremoni skal romma eit spekter av kjensler og livserfaringar: sorg, glede, sinne, takksemd og håp, seier Raaum.