Ingen i Etne formannskap ynskjer store vindmøller til kommunen. F.v Kenneth Karlsen (Frp), Maren T. Tveiten (Ap), Alf Ove Nilsen (Ap) og Ingemund Berge (KrF) i formannskapet i Etne.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Nei til vindmølleparkar
Eit samla formannskap i Etne seier nei til vindmølleparkar i kommunen og går mellom anna inn for at alle areal bli tatt ut av nasjonal ramme for vindkraft på land.
Motstand mot vindmølleparkar med skyhøge vindmøller som ragar over 200 meter opp i lufta, møter motstand også i Etne, og under formannskapsmøtet tysdag stemte eit samla formannskap for rådmannen si tilråding om å seia nei til utbygging av vindkraft med store anlegg i heile kommunen.
Omsyn til verdifulle og uerstattelige fjellområde og utfordringar knytt til landskap, friluftsliv, kulturminne og reiseliv er trekt fram som faktorar som talar mot vindmølleparkar. I tillegg er det peika på det visuelle, og spørsmålet om inntektene frå vindkraft vil kompensere for ulempene. Det er også peika på at linjenettet ikkje har nok kapasitet.
Vasskraft