— Det var nok det kreative elementet i prosessen som interesserte meg mest. Men då eg byrja å syngje Dylan på nynorsk, vart eg overraska over kor mange som fortalde at dei oppdaga songane på nytt da dei høyrde dei på norsk, fortel musikar og artist Tom Roger Aadland frå Vikebygd, til Nynorsk pressekontor.
Tidleg på 2000-talet byrja han å omsetje forskjellige tekstar til nynorsk, samtidig som han òg byrja å skrive musikk på eiga hand, etter eit lengre opphald. Han omsette sonettar av Shakespeare, songar av Bob Dylan, og anna som fall han inn.
Det var Dylan han følte han fekk best til, og etter kvart kom ideen om å omsetje eit heilt album. I 2009 kom albumet Blod på spora» ut, ein nynorsk versjon av Blood on the Tracks frå 1975. Seinare omsette han heile albumet Blonde On Blonde» (1966) til Blondt i Blondt» (2016).
Aadland har mange gonger fått tilbakemelding om at folk forstår meir av tekstane til Dylan når dei høyrer dei på norsk. Både når han har halde eigne Dylan-konsertar og no også til framsyninga Vikla inn i blått – Dylan på nynorsk, som no går på Det norske teatret.
— Det handlar nok om at ein tekst treffer sterkare og klårare når han blir formidla på morsmålet, trur Aadland.
Til scena
I Vikla inn i blått har ei rekke av dei tidlegare Dylan-omsetjingane hans nådd scena, og nye omsetjingar har vorte til. En Dylan-konsert for historiebøkene», skriv Dagsavisen. Dirrende intenst», skriv Aftenposten.
Det einaste eg visste av var å halde fram med å halde fram om det gjekk trått, Vikla inn i blått», skriv Tom Roger Aadland.
Det var kanskje særleg denne versjonen av Tangled up in Blue, som fekk mykje merksemd etter den første plata han omsette av Dylan.
På scena står eit stort lag av skodespelarar. Det er ikkje mørkt enn, men det nærmar seg, innleiar Bjørn Sundquist. Eit hardt regn skal falle, syng Gjertrud Jynge. Fordi eg elskar deg, syng Heidi Gjermundsen Broch. Eg må ha deg, må ha deg, Eg må ha deg, nett no, syng Ina Svenningdal og Mimmi Tamba. Eg trefte mange kvinner, Men eg kunne ikkje gløyme ho som fekk meg brått Vikla inn i blått, rockar Morten Svartveit.
Kommentar frå skodespelarar
I starten var planen å lage eit mindre og meir intimt stykke, basert på kjærleiksmotivet i dei to Dylan-albuma til Aadland. Men da regissør Eirik Stubø kom inn i bildet og stykket blei flytta til hovudscenen, vart han spurd om å omsetje fleire av songane til Dylan.
— I ettertid er eg veldig glad for at Eirik ba meg om å gjendikte songar som Like a Rolling Stone» og Not Dark Yet». Det er ikkje sikkert eg hadde tatt fatt i dei elles, seier Aadland.
Han synest det har vore veldig interessant å arbeide med innstuderinga av dei nynorske tekstane saman med scenekunstnarar som Bjørn Sundquist og Gjertud Jynge.
— Eg synest vel eg har merka på innstillinga deira at Dylan sine tekstar kan måle seg med Shakespeare, Beckett og teaterlitteraturen generelt. Responsen frå kritikarar og publikum har jo vore overstrøymande, seier Aadland.
Skal klinge bra
Når Aadland skal ta fatt på ein tekst av Dylan, forsøker han å ta vare på flest mogleg av aspekta i originalversjonen.
— Det er ei særs rik og nyansert verd, så det er ikkje naudsynt å tilføre noko. Og så er eg svært opptatt av at det skal klinge bra når ein syng songane, seier Aadland.
Han fortel at ein kan miste det klanglege i originalen når ein omset. Iblant må han tenke litt ekstra for å finne ei nynorsk vending som seier det same som originalen, men på ein annan måte. Eit døme er Simple twist of fate» som vart til lagnaden sin vri».
— Det er ein frase eg er godt nøgd med. Det kling godt, samtidig som det tar vare på kvalitetane i originalen, seier han.
Det viktigaste når Aadland omset er alltid meininga, eller når det gjeld Dylan, meiningane, da tekstane som regel kan tolkast i fleire retningar.
– Det er ikkje fordi Dylan er ein ullen diktar, men fordi han skildrar ei verd som er kompleks og omskifteleg. Den verda Dylan skildrar, er ei eg kjenner meg igjen i, og det trur eg er noko av grunnen til at gjendiktingane kjem relativt lett til meg, seier Aadland.
— Nokre gongar kjem det norske stadnamn og norske settingar inn i tekstane. Kvifor?
— Dylan og inspirasjonskjeldene hans, folk som Robert Johnson og Woody Guthrie, skreiv om stader som låg nært dei, ikkje mytisk fjernt, slik det lett fortonar seg for oss nordmenn. Memphis og Washington var aktuelle reisemål for dei, slik Røros og Bergen er det for oss. Men eg passar alltid på at det ikkje blir billige revypoeng» utav det. Det er eit djupt alvor som ligg under Dylans songar, også der han er burlesk, seier poeten som òg er svært glad i engelskspråkleg litteratur på originalspråket, ifrå Ernest Hemingway og Kazuo Ishiguro til Dylan og Eminem.
Valdsam kraft i Kurt Cobain
I tillegg til å skrive eigne låtar og å omsetje Dylan, har Aadland òg tatt fatt på tekstar av John Prine. Til framsyninga 27 – The Club» som gjekk på Brageteateret i 2015, fekk han òg utfordringa å omsetje Amy Winehouse, Kurt Cobain, Jim Morrison, Janis Joplin, Jimi Hendrix og Brian Jones, artistar som alle døydde da dei var, nettopp 27.
– John Prine er jo ein av dei store amerikanske låtskrivarane, og å gjendikte han er nesten like morosamt som å arbeide med Dylan. Av artistane til 27 – The Club, var det Kurt Cobain sine tekstar som greip meg sterkast. Han har ei valdsam kraft og ein herleg fantasi i tekstane sine. Det er alltid ei utfordring å finne fram til det rette språket for kvar enkelt låtskrivar. I framtida kunne eg godt tenkje meg å trengje djupare ned i katalogen til skribentar som John Prine, Nick Cave, Townes van Zandt med fleire. Men det gjeld også å kunne vurdere om det er rett for meg.
— Kva omsetjingar til norsk gjort av andre, har betydd mykje for deg?
— Eg lærte meg å spele gitar med Lillebjørn Nilsen sine visebøker, og Hartvig Kiran er eit namn eg kjem på. Den offisielle songdebuten min var elles å syngje En enkel sang om frihet» (Simple Song of Freedom») i gymsalen på skulen då eg var sju år gamal, så omsetjing har liksom alltid vore der. Det var vel vanlegare på seksti- og syttitalet at ein hitlåt kom ut i norsk versjon. Av nyare ting, synest eg jo Frida Ånnevik sin Søtten år» er eit døme på ei vellukka gjendikting. Olav H. Hauge sine gjendiktingar har òg vore viktige for meg.
— Kva kan orda og poesien og litteraturen gjere med oss?
— For meg handlar litteratur og musikk mest om å spegle livet slik eg opplever det. Eg ser ikkje noko klårt skilje mellom livet og kunsten, seier Aadland.