Frå venstre: Kristin Golf(V), Kari Aakra (Sp), ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim og Kenneth Lyng Karlsen (Frp) tok smittevern på alvor under kommunestyret i Etne.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Frå venstre: Kristin Golf(V), Kari Aakra (Sp), ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim og Kenneth Lyng Karlsen (Frp) tok smittevern på alvor under kommunestyret i Etne.

Naboane tapte

Eit samla kommunestyre i Etne fann ingen grunn til å ta omsyn til klagen på vedtak i sak om etablering av nytt lagerbygg i Planteskulevegen der klagarane hevdar vedtak er gjort på feil grunnlag.

Publisert Sist oppdatert

I haust blei det sendt inn klage til Etne kommune på vedtak om å gje løyve om oppføring av lagerbygning i Planteskulevegen som er tiltenkt saltlager. Naboar og andre som blir råka av vedtaket fryktar auka trafikk og støy dersom eit saltlager blir oppført. I klagebrevet til kommunen meiner klargarane at det er gjort ein feil i sakshandsaminga når digitalisert arealdel til kommuneplanen er lagt til grunn for vedtaket. Den digitaliserte utgåva stemmer ikkje overeins med utgåva som danna grunnlag for eit kommunestyrevedtak i 2003 der området blei avsett til næringsføremål. Då klagesaka var oppe til avstemming i kommunestyret like før helga sette eit samla kommunestyre tommelen ned om ta klagen til følge og å gjera endring i tidlegare vedtak. Kommunestyret meinte saka var tilstrekkeleg handsama og ber kommunedirektøren retta opp avvika i teiknforklaringa knytt til kartdelen av kommuneplanen sin arealdel frå 2003.

— Klagesaka gjeld fargekodar i kart på kommuneplan. Det kan verka forvirrande på dei som har klaga i saka, og Frp har forståing for uro, sa leiar i forvaltningsutvalet Trude Enge (Frp) og peika mellom anna på at det føreligg planar for utbetring av både vegkryss og skyss til og frå skulen for skuleelevane.

Klagesaka vil bli sendt vidare til Statsforvaltaren.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS