Det er nyleg påvist smitte ved Etne omsorgssenter.Arkivfoto
ArkivfotoFOTO: Anne-Britt Grindheim
Nå stig også smittetala i Etne
Medan nabokommunen Vindafjord har opplevd enormt smittepress dei to siste vekene, har det vore få meldingar frå Etne. Grannare har tidlegare skrive om fem tilfelle og at det truleg er mørketal, men nå er smittetalet oppjustert til 13 tilfelle.
— Mange av desse er smitta dei siste dagane. Det er fleire tilfelle med ukjent smitteveg som kan tyda på at smitten er meir utbreidd enn tidlegare, seier kommuneoverlege Elisabeth Selland Winterthun i ei melding på kommunen si heimeside tidleg måndag ettermiddag.
Kommunelege opplyser at det blant anna er påvist smitte ved Etne omsorgssenteret.