Møt ein som kan mykje om brann
Brannbjørnen Bjørnis er kanskje ein ukjent figur for ungdomsskuleelevar og vaksne, men spør gjerne ein barneskuleelev eller eit barnehagebarn om dei kjenner Bjørnis: Då kjem det høgst sannsynleg eit engasjert jaaa!»
Han er nemleg brannbamsen, i same storleik som ein vaksen person, som både har sin eigen youtube-kanal, sin eigen song og som er blitt svært populær blant den yngre garde. Bjørnis er i dag blitt heile Noreg sin brannbamse, og bur på brannstasjonane rundt om kring. Hans viktigaste jobb er å bli med brannbilane når dei rykkjer ut til brannar og ulukker med barn. Han trøystar og er ein god ven som gir tryggleik.
— På laurdag markerer me den internasjonale bamsedagen, og me er veldig glade for at Bjørnis har annonsert at han kjem på besøk både til biblioteket i Vindafjord og i Etne, seier Ingeborg Sørheim i Etne bibliotek.