Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Vi brukte rekordmykje i fjorårets julehandel. I år vil dette forbruket minke noko, men vi bruker framleis meir pengar på jula enn i eit normalår. Foto: NTB / NPK
Vi brukte rekordmykje i fjorårets julehandel. I år vil dette forbruket minke noko, men vi bruker framleis meir pengar på jula enn i eit normalår.

Mindre på julehandel enn i fjor

Publisert Sist oppdatert
Til saman oppgir nordmenn at dei vil bruke om lag 122 milliardar kroner i norske butikkar og nettbutikkar i november og desember, noko som vil vere ein nedgang på 3 prosent frå i fjor, ifølgje Virkes anslag.

Det vil likevel vere på eit svært høgt nivå, og ein auke på 12 prosent samanlikna med normalåret 2019.

— November og desember er viktige månader for norsk handel, og sjølv om vi ser ein liten nedgang frå unntaksåret 2020, så er det store summar vi skal bruke på årets julefeiring, seier Virke-sjef Ivar Horneland Kristensen i ei pressemelding.

Fleire handlar på nett

Fjorårets julefeiring var sterkt prega av koronapandemien, og julemarknadene glimra i stor grad med sitt fråvær. Mange vende seg mot nettbutikkane for å sanke inn julegåvene.

Netthandelveksten vil halde fram i år. Den vil ifølgje Virkes anslag auke med 1 prosent frå i fjor, noko som vil vere 50 prosent høgare enn 2019.

— Handel på nett har fått ein forrykande fart i pandemien. Her er det varige endringar. Dette er eit bilete på den store omstillinga vi har vore gjennom, seier Kristensen.

Virke anslår at nordmenn vil bruke rundt 11 milliardar kroner på netthandel i årets to siste månader.

Meir mat

Nordmenn vil handle mat og drikke for 27,6 milliardar kroner i løpet av julehandelen, noko som utgjer 5.120 kroner per person i snitt.

Det er 12 prosent meir enn normalåret 2019, men ein nedgang på 7 prosent frå i fjor då det vart rekordvekst i norske butikkar.

— Det er ikkje uventa at julehandelen i daglegvarebutikkar går noko ned i år samanlikna med fjorårets opptakt til jula, som var prega av mindre sosialt samvær, avlyste julebord, fleire måltid heime og stans i grensehandelen, seier leiar Jarle Hammerstad for handelspolitikk i Virke.

Fleire opplevings-gåver

Når det gjeld julegåver er det framleis fysiske gåver under juletreet som gjeld. 54 prosent vil kjøpe fleire eller like mange julegåver som før, ifølgje ei Ipsos-undersøking gjort på vegner av Virke.

Av dei mellom 18–29 år planlegg 19 prosent å kjøpe fleire opplevingar som julegåver enn det dei har gjort før.

— Uvisse og avgrensa tilbod gjorde at opplevingar ikkje var ein julegåvevinnar i fjor, og vi trur denne effekten framleis sit i hos nokon. Det er framleis fysiske pakkar som utgjer det store fleirtalet av gåvene vi gir kvarandre, seier Kristensen.

I undersøkinga svarer eit overveldande fleirtal nei på spørsmål om dei undersøkjer om julegåvene dei kjøper er produserte på ein berekraftig måte. I aldersgruppa 18–29 år svarer nær 30 prosent at dei som regel undersøkjer dette.

Powered by Labrador CMS