Barn er ikkje alltid så klar over å ta i bruk eiga evne til sjølvregulering, meiner forskar Dieuwer ten Braak.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Millionstøtte til forsking på barns sjølvregulering.
No skal Universitet i Stavanger forske på kva som hemmar og fremjar sjølvregulering blant førsteklassingar.
Kva er det som gjer at elevar i nokre situasjonar klarer å konsentrere seg, men blir distrahert i neste augneblink? Dette skal forskarane i det nye SELFICON-prosjektet, som no har vorte tildelt 12 millionar kroner frå Noregs forskingsråd, undersøkje.
– Dette er eit svært viktig tema som det trengst meir forsking på, seier prosjektleiar Dieuwer ten Braak ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger (UiS).
I tidlege barneår skjer det ei enorm utvikling av kognitive ferdigheiter – blant dei sjølvregulering.