Ole Strømø er dagleg leiar i Møbelringen Etne, og kunne torsdag ta i mot plaketten Miljøfyrtårn frå ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Miljøfyrtårn til Møbelringen
Ole Strømø i Møbelringen kunne torsdag ta i mot plaketten som beviser at butikken no har fått status som Miljøfyrtårn. Ekstra stas er det at butikken i Etne er første møbelbutikk i heile landet som har mottatt denne plaketten.
Det var ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) som fekk overrekka Miljøfyrtårn-plaketten til dagleg leiar i Møbelringen Etne, Ole Strømå.
— Det er mykje som skal systematiserast, og bevisstgjerast før ein får utdelt ein slik tittel, og så skal ein jo også jobba for å behalda tittelen. Så her må ein halda seg sjølv i øyro, sa ordføraren til Strømø.
Bergsvåg Ekrheim rosa Møbelringen for at dei er flinke til å gi gode råd rundt korleis folk kan ta vare på tinga sine og korleis dei hjelper folk med kjøpa møbler med god kvalitet slik at dei varer lenger.