— Merkeleg at dei ikkje asfalterer alt
Statens Vegvesen legg 11,2 kilometer ny asfalt på fylkesveg 34 frå Skånevik til Sandvik. Men dei siste 3 kilometerane, frå Sandvik til Børkjenes, kor fleire meiner dekket er aller verst, blir ikkje tatt.
Etter å ha levd med dårleg vegdekke i mange år på strekka mellom Børkjenes og Skånevik, kan lokalbefolkninga og andre brukarar no sjå fram til at det kjem nytt asfaltdekke. Men det berre på 11,2 km av strekninga, frå Sandvik til Skånevik. Den siste biten med dårleg vegdekke, om lag 3 kilometer vidare mot Etne, frå Sandvik til Børkjenes, blir ikkje asfaltert no.
Det forundrar Jan Molnes som bur ved Mortveit.
— Det er kjempebra at dei asfalterer inn mot Skånevik, det er den vegen me brukar mest. Samtidig er eg forundra over at dei ikkje tar dei siste få kilometerane vidare til Børkjenes, då hadde heile vegen vore i god stand, seier han.