Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Fleire stadar i Noreg er det mangel på folk til å dømme fotballkampar. Norges Fotballforbund (NFF) jobbar no med å analysere kor alvorleg situasjonen er. Illustrasjonsfoto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB/ NPK
Fleire stadar i Noreg er det mangel på folk til å dømme fotballkampar. Norges Fotballforbund (NFF) jobbar no med å analysere kor alvorleg situasjonen er.

Mangel på fotballdommarar fleire stadar i Noreg

NPK: Fleire stadar i Noreg er det mangel på folk til å dømme fotballkampar. Norges Fotballforbund (NFF) jobbar no med å analysere kor alvorleg situasjonen er.

— Vi er altfor få dommarar no. Det blir merka på både kropp og sinn, seier fotballdommar Johan Veland Kjellesvik til NRK.

Han har vore dommar i fire år, men har på den tida sett mange dommarar leggje karrieren på hylla.

Norges Fotballforbund (NFF) jobbar no med å analysere kor alvorleg situasjonen er.

— Det er ingen tvil om at det er uro rundt dommarsituasjonen i landet, og vi tek dette på alvor, seier direktør for utvikling og aktivitet i NFF, Alf Hansen, til NRK.

Han peikar på at mange dommarar over heile landet som har gitt seg under pandemien, men førebels har dei ikkje nøyaktige tal på kor mange det er snakk om.

Powered by Labrador CMS