Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

I år seier fleire enn før at dei bruker bilen meir i kvardagen. Samtidig har fleire kjøpte seg elbil dei siste åra. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
I år seier fleire enn før at dei bruker bilen meir i kvardagen. Samtidig har fleire kjøpte seg elbil dei siste åra.

Mange betalte meir i bompengar i 2023

Publisert Sist oppdatert
For 2023 oppgir fleire at dei har brukt bil på kvardagsreiser enn i 2019, og at dei betaler meir i bompengar, viser Nafs Trafikantbarometer 2023.

77 prosent svarer no at dei bruker bilen på kvardagsreiser, noko som er opp frå 2021 og 2019 då høvesvis 74 og 71 prosent svarte det same, ifølgje undersøkinga.

Samtidig er det stadig fleire som køyrer elbil, og andelen som eig elbil i år, er på rundt ein firedel. Andelen som eig dieselbil, sokk med 6 prosentpoeng frå 2021, og for bensinbilar gjekk han ned med 4 poeng.

Stadig fleire vil dessutan ha elbil. 47 prosent oppgir at dei skal ha elbil neste gong dei kjøper bil, opp frå 43 prosent i 2021. I 2017 ville 30 prosent ha elbil.

Undersøkinga viser også at fleire enn før betaler bompengar. For to år sidan hadde 60 prosent ei bompengerekning på under 500 kroner i månaden. Dette søkk til 51 prosent i år.

Desse tala bekymrar Naf, seier pressesjef Ingunn Handagard. For i tillegg svarer 56 prosent at dei meiner politikarane ikkje forstår kvar skoen klemmer, noko som er ein auke frå 2021, då 45 prosent svarte det same.

– Det er eit sterkt politisk press for å få ned bilbruken. Men når vi ser at bilbruken aukar og bompengane aukar, så er det fordi alternativa ikkje er gode nok i dag. Å byte til elbil er ein måte for folk å køyre litt meir miljøvennleg og med lågare kostnader, men ikkje alle har høve til å kjøpe ny bil. Derfor kan dei kjenne at politikken ikkje samsvarer med behova deira i kvardagen, seier Handagard.

Trafikantbarometeret i år er svart på av 4242 personar, og undersøkinga er utført av Norstat for Naf.

Powered by Labrador CMS