Leilegheiter i det blå
Bustadleverandøren Odd Hansen er truleg på veg ut av alle planar om leilegheiter i Ølen sentrum. I utgangspunktet var det snakk om rundt 70 leilegheiter, men no kan det vere at selskapet pakkar planane i snippeska, og trekkjer seg ut av alt.
Leilegheiter var etterspurt i Ølen for nokre år sidan, og både Ølen Brygge og Gartnerihagen var attraktive for huskjøparar. Det same gjaldt Roa-feltet der mindre husvære har vore ein suksess.
Odd Hansen engasjerte seg i tre tomter i Ølen sentrum med planar om leilegheiter, utan at det så langt har ført til noko. Planane har i tur og orden falle som korthus.
Selskapet sit no igjen med ein opsjon på Hundhammer-tomta ved sjøen i vest, men med usikker framtid. Mest sannsynleg vil også denne utbygginga strande.