Vindafjordhallen
Leiarjakta held fram
— No ser me etter ein driftig og sosial person som kan gå inn i ei 50-prosent stilling som dagleg leiar for Vindafjordhallen SA, skriv dei i eit Facebook-innlegg.
Vindafjordhallen SA blir driven av lag og foreiningar i bygda gjennom partslag. Dei skal drifte bygdahusdelen av den nye Vindafjordhallen, som skal stå klar om nokre månader. I januar lyste dei ut ei 100-prosent stilling som dagleg leiar.
— Me klarte ikkje å kome i hamn med stillingsutlysinga for Vindafjordhallen SA, der me søkte etter ein dagleg leiar som samstundes skulle drifte kjøkenet. Styret har derfor vedteke å reversere prosessen og vil no søkje etter ein dagleg leiar i 50-prosent stilling, medan me brukar meir tid på eventuell tilsetjing av kokk, skriv Vindafjordhallen SA.
Arbeidsoppgåvene til den daglege leiaren blir dagleg drift, inkludert økonomistyring og rapportering, drift av kafé etter nærare arbeidsfordeling/samarbeid, administrering av utleige av selskapslokale, planlegging av aktivitetar og arrangement, praktisk førefallande arbeid og jamleg oppsyn med bygget, samarbeid med og vere kontaktperson for lag og foreiningar, vere nærmaste leiar for anna personale og fungere som sekretær for styret. Søknadsfristen er 14. mars.
Vindafjord kommune skal drifte symjehall-delen av den nye Vindafjordhallen. Dei har tilsett Kenneth Solheim som byggansvarleg og er i prosess med å tilsette ein dagleg leiar.