Kjekt å kunna laga noko nytt med Lego. Frå venstre Martine Nilsen, Mali Nordveit og Andrea Nilsen.
Foto: Heidi Berakvam
Lego-veke for store og små
Mali Nordtveit (7), Martine (7) og Andrea Nilsen (5) har vore innom biblioteket i Ølen og bygd med Lego. På fredag vert byggjekonkurransen avslutta.
Bølgja for dei unge» vert denne veka arrangert av Kultur- og læringssenteret i Ølen. Med midlar frå Bufdir har dei sett i gang ei aktivitetsveke som skal samla unge i kommunen. Nokre av dei som held hus, er Vindafjord frivilligsentral og Vindafjord bibliotek.
Ideen var det Ane Kesia Eide Fatland som lufta etter at arrangementet Bølgja for dei eldre» vart ein suksess. Biblioteksjef Silje Holden Birkeland og miljørettleiar Liva Nesheim Fuglestein var blant dei som utvikla ideen vidare.
– Det er fint med slike samarbeid der me kan læra litt frå kvarandre, seier Birkeland.