Frukt og grønt har lenge drege opp den generelle prisveksten og gjer det framleis.
Foto: Kari Hamre / NPK
Lågare prisvekst på mat i januar
Årsprisveksten på matvarer og alkoholfrie drikkevarer enda på 8,7 prosent i januar.
Det viser den siste konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Dermed held den gradvise nedgangen fram i tolvmånadersveksten, skriv Virke i ei pressemelding.
– Januar er ein månad der prisane pleier å stige fordi juletilboda er forbi og kvardagen gjer seg gjeldande. At tolvmånadersveksten er noko lågare enn vi såg på same tid i fjor er positivt for forbrukarane, seier Bendik Solum Whist, som er direktør i Virke daglegvare.