Kystverket har utvida løyvet til oppankring i Ølsfjorden til fire år for oljeriggen West Epsilon. Lundeneset vidaregåande skole klagar på vedtaket.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Kystverket gir klarsignal for fjerde gong
Men kommunen toar hendene sine og har sagt at det ikkje er eit tiltak som skal vurderast etter plan- og bygningslova. Dermed er det opp til Kystverket å bestemme, og det er nettopp gitt løyve om oppankring av riggen for fjerde året på rad rett ut på fjorden ved Lundeneset vidaregåande skole.
Meiner det er ugreitt
Det er også fjerde gongen skulen klagar på eit slikt vedtak, og rektor Gustav Løge Fosse meiner det er i strid med kommuneplanen der riggområdet er omtala som ein plass der riggar kan ankre opp når dei er på veg inn eller ut frå Westcon Yards.