Kvar femte nordmann ber om fred i verda
– Meir enn kvar femte nordmann har bede til høgare makter om fred den siste tida. Det er eit uvanleg stort bønnemøte, seier preses for dei norske biskopane, Olav Fykse Tveit.
– Meir enn kvar femte nordmann har bede til høgare makter om fred den siste tida. Det er eit uvanleg stort bønnemøte, seier preses for dei norske biskopane, Olav Fykse Tveit.
Biskopen er klar på at alle kan be, både dei som trur og dei som ikkje trur.
– Å be er noko alle kan gjere, med eller utan ord, om ein trur eller ikkje. Gud høyrer alle bønner, legg biskopen til.