Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

ORegjeringa framskundar kravet om nullutslepp i delar av transportsektoren med eitt år. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
ORegjeringa framskundar kravet om nullutslepp i delar av transportsektoren med eitt år.

Krav om nullutslepp for buss framskunda med eitt år

Publisert Sist oppdatert
– I stadig fleire delar av transportsektoren er det no mogleg å gå over til nullutsleppskøyretøy. Vi framskundar difor kravet til nullutslepp i offentlege kjøp av buss med eitt år, frå 2025 til 2024, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet. Det nye klimakravet vil gjelde frå 1. januar 2024 og omhandlar bussar i klasse 1. For bussar i andre klasser, gjeld framleis krava frå 1. januar 2025.

For kvar dieselbuss som vert bytt ut med elektrisk buss, vil CO2-utsleppet bli redusert med 50 tonn per år. For bussar som ikkje tilfredstiller miljøkrava, innfører regjeringa rapporteringsplikt.

Transportsektoren står for om lag ein tredjedel av klimagassutsleppa i Noreg. Allereie er det blitt innført nullutsleppskrav i offentlege innkjøp av personbilar og varebilar. Det er også føreslått krav om nullutslepp for ferjer og hurtigbåtar.

Powered by Labrador CMS