Sofia Jensen (t.v) og Maria Rosseland er 10.-klassingar ved Enge skule. Dei er opptekne av både resirkulering av plast, og spørsmålet rundt kva som skjer med plasten etter at den er henta av renovasjonsselskapet.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Plastkrisa
Kor blir det av plastavfallet?

- Saman med lokalaviser over heile Noreg, Senter for undersøkende journalistikk og journalistgruppa Investigate Europe, har Grannar forsøkt å finna ut kva som skjer med plastemballasjen etter at me har kasta den.
- Prosjektet er ein del av Investigate Europe sitt graveprosjekt #Wasteland, som vert publisert i 10 europeiske land. Investigate Europe har støtte frå Fritt Ord.
- Framover vil Grannar publisere ei rekke saker om dette temaet.
- Les dei internasjonale sakane på Investigate Europe sine nettsider.
Kor tar plasten vegen?
Det er ikkje mange dagane sidan søppelbilen tok med seg plastavfallet til både Maria Rosseland, Sofia Jensen og resten av elevane ved Enge ungdomsskule i Etne. Likevel er søppelsekk på søppelsekk nok ein gong fulle av plast som skal sendast til renovasjonsselskapet, og dei to 10-klassingane er begge opptatt av at plasten må handterast på rett måte. Om folk flest er klar over korleis ein sorterer rett, er dei meir usikre på