Butikksjef Tommy Lønning fortel at handelen på Kiwi-butikken på Ølen Torg har teke seg opp.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Konkurrentane merkar den nye Kiwi-butikken
— Handelen gjekk trått i starten, men etter at Vinmonopolet og Apoteket flytta inn i senteret, går handelen meir som forventa. Det er veldig kjekt at dei kom hit, seier Tommy Lønning.
Butikksjefen frå Avaldsnes treng framleis litt tid før han veit om det er lokale kundar eller forbikøyrande som besøkjer Kiwi-butikken på Ølen Torg.
— Eg høyrer det er ein del tyskarar innom, men eg reknar også med at me har fått nokre kundar frå Coop Xtra i Ølen og Kiwi i Ølensvåg, seier Lønning.