Øyvind Grindheim (t.v.), Jens Backasch og tidlegare styreleiar i Havn Velforening, Eric Mills er blant til saman 22 saksøkte i vassverk-striden. Biildet blei tatt i samband med ei tidlegare sak kring vassverkstriden.
ARKIVFOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN
Kommunen vil ikkje overta privat vassverk
Vee vassverk, ved eigarselskapet VAN AS, har søkt Etne kommune om å få til ei kommunal overtaking av det private vassverket, kor det har vore langvarig usemje mellom 35 abonnentar og eigar. Etne formannskap handsama søknaden tysdag. Der var det store fleirtalet samd med kommunedirektøren, som ikkje finn nokon grunn til at kommunen skal ta over.
Liten økonomisk skilnad
Kommunalsjef Hans Erik Lundberg peikar i utgreiinga han har laga på vegner av kommunedirektøren mellom anna på at dagens eigar har lagt fram eit rekneskap som viser driftskostnadar på om lag 200.000 kroner i året. Noko som med 35 abonnentar svarar til ei årsavgift på 5.700 kroner. Kommunale abonnentar betalar i år 3.731 kroner i avgift, og denne differansen finn ikkje kommunedirektøren så stor at det i seg sjølv skal vere grunn for kommunen til å overta. Det blir dessutan peika på at kommunen ikkje har god kapasitet på driftssida når det gjeld vass- og avlaupsanlegg, og i den næraste tida vil det krevje mykje innsats frå drift å utgreie nytt vassverk for Etnesjøen.