Kjempekjekt på skyteskule
Det er torsdag ettermiddag og klar for ein ny runde med teori og skytetrening på Fikse skytebane. Ei god blanding av unge og vaksne har tatt turen for å få ei innføring skyteteknikkar, sikkerheit og anna nyttig informasjon som må til for å bli ein god skyttar.
— Det er veldig gøy å vera med på skyting. Me har lært mykje, seier 9 år gamle Matrusz Ciesak frå Ølensvåg, Elena Lothe (10) og Haakon Ludvik Byggstøyl frå Etne, og gjer seg klar til kveldens skytetrening.
Utstyr og gevær har dei fått lånt av skyttarlaget, og etter ein liten innføring i avtrekksteknikk legg dei seg i posisjon.