Israel: Norsk reisefølgje på 190 personar planlegg avreise tysdag

Publisert Sist oppdatert

Det norske reisefølgjet på 190 personar som har chartra eit fly ut av Israel, planlegg å reise frå landet klokka 17 tysdag.

Det skriv reiseleiar Bjarte Ystebø i ein e-post tidleg tysdag morgon.

– Med kanselleringa i går friskt i minne tek vi ingenting for gitt, men vi håpar og ber om at dette skal lykkast, skriv han.

Bjarte Ystebø er reiseleiar for ei gruppe med Israel-venner frå den Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem (IKAJ).

Dei hadde vore i Israel over ein lengre periode. Det var Ystebø som hadde chartra flyet frå Cyprus Airways, som skulle gå direkte frå Tel Aviv til Oslo.

Dei er ei gruppe på 71 i reisefølgjet, og la ut melding på Facebook søndag om at dei hadde plass til fleire.

– Flyet vart raskt fylt opp. Vi fekk ein straum av førespurnader og måtte til slutt gi opp å svare all. Vi sit med kjensla av at vi kunne fylt dette flyet to gonger, sa reiseleiaren til Dagbladet måndag.

I e-posten skriv Ystebø at den klare meldinga frå Utenriksdepartmentet er at folk må hjelpe seg sjølv.

– Vi prøver å hjelpe kvarandre, slik at alle kjem seg heim, seier han.

Reiseleiaren seier at dei har eit godt samarbeid med den lokale israelske operatøren sin som sørgjer for logistikken på bakken i Israel, og varetek tryggleiken i dialog med israelske styresmakter.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS