Illustrasjon av symjehallen og bygdahuset i Vats.Illustrasjon: HLM Arkitektur
Vindafjordhallen
Inviterer bygda til møte om den nye storstova
Dette opplyser styreleiar Janne Urdal Aursland i Vindafjordhallen SA i eit Facebook-innlegg på ei side for Vatsbygda.
I tillegg til Vindafjordhallen SA kjem det til å vere representantar frå Vindafjord kommune og totalentreprenøren GL Prosjektservice på møtet.
— Styret i Vindafjordhallen SA vil informere om arbeidet med finansiering, og fortelje litt om kva me vil trenge hjelp med av stort og smått framover, skriv Urdal Aursland.