— Ingen intensjonar om å legge ned i Ølen
Under debatten i Ølen i forkant av valet var ølensbuane i salen svært tydelege på at det er viktig for dei at bassenget i bygda ikkje blir lagt ned om det blir bygd ein ny symjehall i Vats. Etter at vedtaket om å bygge blei gjort tysdag er ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) klar på at det ikkje er nokon planar om dette.
— Me har ingen intensjonar om å legge ned bassenget i Ølen, seier Ole Johan Vierdal (Sp) etter kommunestyremøtet.
Han understrekar at fokuset i saka om symjehall og bygdahus i Vats har vore å få opp igjen det som har brent ned. Sjølv om ordføraren er tydeleg på at nedlegging av bassenget ikkje er på agendaen nå, kan han heller ikkje love at spørsmålet ikkje kjem opp dei neste fire åra.
— Me veit ikkje kva morgondagen bringer, seier ordføraren.
Trur på tøff budsjettrunde
Under kommunestyremøtet blei også dei 13 skisserte innsparingane som først kom opp i utval for oppvekst og utval for oppvekst og omsorg (OPOM) diskuterte. Blant desse skisserte innsparingane var forskjellege kutt i SFO og barnehage, samt ei sentralisering av barn med funksjonsnedsettingar til Skjold skule. Som i OPOM fekk administrasjonen sterk kritikk for desse av politikarane. Eit samrøysta kommunestyre erklærte seg kritisk til dei presenterte kutta, og at kommunedirektøren må sjå på heile organisasjonen for å redusere kostnadar i kommande budsjett og økonomiplan.
Håvard Rørtveit (H) tolka dei skisserte innsparinga som eit signal på kor skjør situasjonen i oppvekstsektoren er, med visning til at bakgrunnen for saka var eit vedtak om å sjå på kor ein kunne spare pengar som kommunestyret ikkje ville ta frå hjelpepersonell på skular.
Den skisserte innsparinga som har fått minst kritikk er å slå saman leiarfunksjonar ved ha ein einingsleiar for Imsland oppvekstsenter og Vikedal skule, og ein for oppvekstsentera Bjoa og Vågen. Vierdal seier det er slike spørsmål som kjem opp under arbeidet med budsjettet for 2024 i oktober.
— Det blir ein tøff budsjettrunde, trur ordføraren.
Vil ikkje sette bygder opp mot kvarandre
Etter at dei skisserte kutta blei kjente skreiv Wenche S. Lilleland, Hanne Stine Vannes og Solvår Langeland i Ap eit lesarinnlegg der dei stilte spørsmål til folk og parti om kor mykje dei er villige til å ofre for å behalde alle skule- og barnehagebygg i Vindafjord. Spurt om valet med å halde dei minste skulane går utover tilbodet på dei største er ordføraren klar på at han vil unngå at det skal utvikle seg ein bygdekamp.
— Det er ein totalitet i alt. Eg vil ikkje sette bygder opp mot kvarandre, seier Vierdal.
Trass at han ser for seg harde tak for å finne rom for kutt der det er høve for det, og at budsjettrunden blir ein kamp, har ordføraren tru på at dei skal klare det.
Dei seinare åra har kommunen sine resultat blitt løfta av god skatteinngang. Vierdal skjønner at det er krevjande for innbyggjarar og tilsette i dei utsette sektorane når det er snakk om stramme budsjett når dei blir vedteke, og så viser seg at kommunen fekk meir å rutte med enn dei trudde. Han understrekar at han ikkje klandrar administrasjonen for dette sidan det er krevjande for både dei lokalt, og Finansdepartementet nasjonalt, å spå kor mykje pengar som kjem inn, særleg i lys av at desember ofte er ein god månad.