— Det å bita på eit freistande tilbod no, kan føra til at du betalar for ei reise du aldri får reist på, seier Andreas Bibow Handeland, kommunikasjonssjef i Europeiske Reiseforsikring.
Foto: Europeiske Reiseforsikring
Ikkje alle ynskje reiseråd frå styresmaktene
NPK: 20 prosent av dei spurde svarar i ei ny undersøking at dei ikkje synest reiserådet frå styresmaktene er naudsynt. Samstundes seier éin av tre at dei ikkje saknar å reise.
Det er analyseselskapet YouGov som har gjennomført undersøkinga på oppdrag frå Europeiske Reiseforsikring. Kommunikasjonssjef Andreas Handeland i Europeiske seier at 80 prosent meiner reiseråda er heilt naudsynte. Berre fem prosent meiner reiseråda bør opphevast, fortel han.
Han meiner dette stemmer godt med det kundane fortel når dei tek kontakt med selskapet.
— Dei aller fleste som tek kontakt med oss forstår kor uoversiktleg pandemisituasjonen er. Og det er ingen som vil bli utsett for sjukdom på ei reise til utlandet, eller ta med seg smitte heim til Noreg, seier Handeland.
Han opplyser at éin av tre meiner reiseråda er heilt naudsynte, og at dei ikkje saknar det å reise. Likevel er det viktig å presisere at fleirtalet i undersøkingar saknar det å reise, fortel Europeiske-sjefen.
Handeland minner om at reiser til raude land som er omfatta av reiseråda til UD, ikkje blir dekte av reiseforsikringa.
— Det er heller ikkje lurt å kjøpe og betale for reiser til raude land. Er desse framleis raude ved avreise, blir heller ikkje avbestillingskostnader dekte. Dermed risikerer ein å betale for ein tur ein aldri får reise på, seier han.