Ann Rita Eike frå Vats er ny dagleg leiar i Vindafjordhallen.
Kristine Thorsen Eikeland, Vindafjord kommune
Ho skal leia Vindafjordhallen
Ann Rita Eike frå Vats er tilsett som ny dagleg leiar i Vindafjordhallen. Ho startar i stillinga 1. mai. Det skriv Vindafjord kommune på si nettside tysdag.
Eike har arbeidd som lærar på ungdomsskulen i 25 år, men kjende at tida var inne for å prøva noko nytt.
— Eg har det fantastisk på skulen, men eg kjende at eg ville utfordra meg sjølv litt. Då denne jobben dukka opp, kjende eg at det var heilt rett, seier Eike i omtalen på kommunen si nettside.