Historisk mange på TIP
Måndag starta eit heilt nytt skuleår ved Ølen vidaregåande skule, og for første gong i historia kunne skulen skilta med tre fulle klassar innan teknikk og industriell produksjon (TIP). Matias, Mats og Thea Johanne var tre av 45 elevar.
Både lukt og utsjånad på verkstaden ved Ølen vgs er akkurat slik dei hadde førespegla seg, og her kjem Matias Langeland frå Skjold, Mats Håland Sørheim frå Etne og Thea Johanne Heimdal Tjøstheim frå Tau til å legga bak seg eit større timetal i løpet av skuleåret. Elevane er tre av i alt 45 elevar som har fått skuleplass på TIP-linja, og aldri før har det vore så mange elevar ved denne linja som i år. For første gong har skulen måtta utvida frå to til tre klassar for å få plass til alle elevane.
— Eg gler meg til dette året. Denne yrkeslinja passa godt til det eg har lyst å utdanna meg til. Eg lika å skru på maskinar og kunne godt tenkt meg å bli maskinførar, seier Matias Langeland.
Einaste jente i klassen er Thea Johanne Heimdal Tjøstheim. Ho kan fortelja at ho alltid har vore interessert i å mekka» på ting, og har aldri vore redd for å få litt skit på hendene.