Framleis sprengkulde i Grannar-distriktet. Målestasjonen på Kårhus i Vats har onsdag 10. februar registrert ny rekord for minimumstemperatur.
Foto: Anne-Britt GrindheimFOTO: Anne-Britt Grindheim
Her var det 21,9 kuldegrader onsdag morgon
Både Vats og Etne målestasjonar har notert nye kulderekordar i dag, onsdag 10. februar.
Meteorologisk institutt sin stasjon i Nedre Vats registrerte heile 21,9 kuldegrader onsdag morgon. Dette er det kaldaste som er målt sidan vêrstasjonen blei flytta til Kårhus hausten 2011. Den førre rekorden blei sett torsdag 4. februar med 21,6 minusgrader, viser Norsk Klimeservicesenter sine tal.
Målingane den siste veka ved denne stasjonen viser under 20 kuldegrader kvar dag med unntak av tysdag 9. februar.
Ved den offisielle målestasjonen i Etne er det ikkje like kaldt, men også her er dagens registrering for minimumstemperatur den lågaste denne vinteren. Temperaturen var minus 17,6 grader. Førre rekord var på 16,2 kuldegrader frå onsdag for ei veke sidan.