Sindre Tjelmeland har vore heima i Etne for å feira jul, men har framleis fem månadar framfor seg i polske Lech Poznan før han flyttar til Molde med familien for å bli ny hovudtrenar for storklubben der.
Grethe Hopland Ravn
Heimover med ambisjonar og ansvar
Då julefreden senka seg, var det ikkje fjellturar,
familieselskap eller lange julefrukostar som prega ferien for Sindre Tjelmeland
og familien. Jula blei prega av sjukdom, og store delar av ferien gjekk med til
å ligga heime, influensasjuk.
— Juleferien har vore full av sjukdom, og me fekk
ikkje gjort noko av dei tinga me hadde tenkt, seier Tjelmeland, og røper at
forkjølelsen ikkje heilt har sleppt taket enno.
Likevel tar han det med ro. Både han og kona
Gunhild kjem frå same bygd, og nettopp det gir eit heilt spesielt perspektiv på
tida som ligg framfor dei.