Hilgjerd Molnes er nytilsett hjå Havreberg Coaching. FOTO PRIVAT
Havreberg styrkar laget
Det siste året har Havreberg Coaching opplevd kraftig vekst i etterspurnaden etter både treningssenteret og trenartenestene. Nå har dei tilsett idrettspedagogen Hilgjerd Molnes Nielsen (43).
Trass i opptil 70 trenartimar i veka, har etterspurnaden vore så stor at dei har operert med ventelister. For å møte behovet, har dei no utvida med to nye trenarar. Først inn døra var Hilgjerd Molnes Nielsen, som med dette blir den aller første tilsette i selskapet.
Ho kombinerer jobben med ein 90 prosent lærarstilling ved Enge skule, og vil i første omgang vere tilgjengeleg ein ettermiddag i veka.
— Gjennom ein grundig intervjuprosess var Molnes Nielsen ein av dei kandidatane som verkeleg utmerkte seg, og som me med stor glede ønskte velkommen til laget. Ho tar med seg ei imponerande erfaring og eit solid kunnskapsgrunnlag. I tillegg er ho ei utruleg hyggeleg dame med ein brennande lidenskap for faget, og eit sterkt ønske om å utvikla seg vidare saman med oss, seier Hans Kristian Havreberg, medeigar og fysisk trenar.