Odd Neraal (f.v.), Grethe Tesdal og Johan Strømsvold i Forum for sjø- og jordkabel
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Har stifta forum for sjø- og jordkabelteknologi
Teknisk gruppe sin felles kamp mot rasering av natur, fauna, dyre- og fugleliv i Etnefjella har så langt vore ei Facebook-side. Aksjonen starta etter at Statnett i 2020 lanserte ei 420 kV leidning mellom Blåfalli i Kvinnherad og Gismarvik i Tysvær, med det som mange karakteriserer som monstermaster i naturen. Johan Stømsvold, Grethe Tesdal og Odd Neraal som utgjer denne tekniske gruppa, tenkte at ei Facebook-side ikkje ville vera slagkraftig nok om dei skulle gå vidare til Stortinget for å få gjennomslag.
— Me fekk tips om at det ville vera lurt på senda inn eit dokument 8-forslag, men at me stod svakt om me berre var ei gruppe på eit sosialt medium. Dermed stifta me dette forumet, seier Strømsvold som har fått rolla som styreleiar. Testdal og Neraal er med i styret, i tillegg til Oddvar Skre frå Fana, tid dagleg skogforskar i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
Eit dokument 8-forslag er eit privat forslag frå ein av stortingsrepresentantane til Stortinget, og forslaget kan både vera fremja av ein enkelt representant åleine, eller saman med fleire. Representantforslaga blir lagt fram for Stortinget på lik linje med proposisjonar, og meldingar frå regjeringa, og blir handsama i stortingskomiteen som har fagansvaret for saka. I dette tilfellet blir det Olje- og energikomiteen. Etter innstilling frå komiteen, blir forslaget handsama i plenum i Stortinget.