Håp om betre laksesesong enn i fjor
Ved midnatt 15. juli blir spenninga utløyst for dei mange som jaktar storlaksen i Etneelva og Vikedalselva. Mange håpar på ein betre sesong enn i fjor.
— Det er vanskeleg å seia korleis det vil bli, men i fjor hadde me tilsvarande tal som i dag, og mot slutten av denne veka i fjor tok det seg opp, seier dagleg leiar ved fiskefella i Etneelva, Per Tommy Fjeldheim som tysdag ettermiddag hadde registrert 79 aure og 54 laks på veg opp i elva etter at laksefella blei sett i drift igjen like etter påske.
— Vassføringa er viktig og det har me hatt bra med i år, seier den tilsette i Havforskingsinstituttet.