Han gjorde det for Vikebygd
Knut Trovåg selde tomteland av garden for å leggje til rette for både folkevekst og skuleelevar i Vikebygd. 88-åringen har ikkje sansen for at Trovågfeltet, og kanskje endå meir land, skal bli overført til Skjold.
— Bland i alle fall ikkje Trovåg inn i dette. Vi skal ikkje til Skjold, er den klare meldinga frå Øydis og Knut Trovåg, ektepar gjennom 53 år.
— Eg vart ikkje rik av å selje, det er sikkert, seier Knut Trovåg.
Han er kjent som skyttar i distriktet, og har enno ikkje lagt ned børsa.