For eit par veker sidan blei det registrert fleire knuste ruter på det gamle skulehuset som står plassert ved Sandeid skule. På den eine kortsida har to sprossevindauge med åtte ruter i kvart vindauge fått nesten alle rutene knuste, og på den eine langsida er to ruter øydelagt. Glasskår ligg strøydd både innover golvet i det gamle bygget og på utsida. Kven som står bak er ikkje kjent, men bygdelaget Fokus Sandeid mistenker at det er ein gjeng yngre som står bak.
— Me trur det er ein ungdomsgjeng. Det er ikkje meldt til politiet og me reknar med at foreldre tek tak, seier Kjell Ove Leite i bygdelaget Fokus Sandeid som har ansvar for drift og vedlikehald av bygget.
Saman med ein gjeng arbeidsvillige karar har han tatt på seg oppdraget med å fiksa dei øydelagde glasrutene. Første post på oppryddingsprogrammet er å fjerna alt knust glas før nye ruter kan bestillast og monterast.