Klassen for deltakarar under 12 år har ikkje plassering. Her er dei som var med på premieutdeling (frå venstre): Sverre Steinar Bjerga, Hanna Hauso Flesjå, Jone Halleraker, Sanna Halleraker, Ådne Leknes-Tysse, Alf Tore Rørheim, Fredrik Apeland Haugen, Martin Nes og Magnus Leknes-Tysse.
Foto: Privat
God rekruttering hos NMK Vikedal
Det tradisjonelle klubbløpet til NMK Vikedal blei halde på Vikedal Motorbane laurdag 17. oktober. Dette løpet famnar alle greiner av motorsport innan klubben og er populær både som møteplass og som sesongavslutning.
Heile regionen
Deltakarlista viste at klubben framleis famnar om Sunnhordland, Hardanger og Ryfylke, i tillegg til kjerneområdet på indre Haugalandet, og at det gror godt i det lokale motormiljøet.