Alva Innvær frå Vats gler seg til juleverkstad med farmor og besten, og juleshopping i lag med mormor i jula.
Grethe Hopland Ravn
Slik feirar Alva Innvær jul:
— Gler meg til å kjenna på samhaldet med familie og venner
Alva Innvær (16) frå Vats.
— Kva juletradisjonar har du?
— Baka peparkaker og ha juleverkstad hos farmor og
besten i lag med dei andre søskenbarna mine. Så går me på juleshopping i lag
med mormor, for ho er veldig glad i byen og korleis det er pynta der. Det vil
ho visa oss, og det synest eg er veldig koseleg.