Gåve frå skjoldabu gir færre sprøytestikk for pasientar
Leif Gunnar Mo (69) punga ut 85.000 kroner av eiga lomme for apparat som skal gje færre sprøytestikk.
Det var i slutten av april at Leif Gunnar Mo, utflytta saudabu som no er busett i Skjold i Vindafjord, var inne på Stord sjukehus for eit mindre inngrep. Han var særs nøgd med behandlinga han fekk, men det vart nokre sprøytestikk i armen, før han var klar for å bli trilla inn på operasjonsstova, fortel Helsefonna på sine nettsider.
Mo tenkte ikkje særleg meir over saka, før han las ein artikkel i Haugesunds Avis om Kopervik kvinne- og familielag som kjøpte eit liknande apparat til Haugesund sjukehus. Apparatet heiter AccuVein, og hjelper til med å finne blodårene når ein skal setje sprøyter.
Kopervik-kvinnene fekk ideen etter at dei såg ein reportasje i NRK om ein mann med sprøyteskrekk som samla inn pengar til eit slikt apparat på Universitetssjukehuset i Stavanger. Då barnebarnet til ei i husmorlaget, ein gut på fire år, fekk panikk då sjukepleiarane sleit med å finne blodårene, bestemte kvinne- og familielaget i Kopervik seg for å kjøpe eit tilsvarande apparat til sitt lokalsjukehus.